Skip to the content

Dato: 05.02.2022

Tid: 14.00 - 20.00

Stad: Youtube

Pris: Gratis

Kjøp Billettar

Literature Live Around the World

Laurdag 5. februar 2022 er det klart for ei ny utgåve av Literature Live Around the World. Vi startar kl. 14.00 i Australia, og ender opp i USA kl. 20.00, etter å ha vore innom 11 partnarar i like mange land på alle kontinent. I ei 6-timar direktesending vil du sjå litterære program frå ulike festivalar og litteraturhus rundt om i heile verda.

Alle partnarar viser ein kort video der dei presenterer byen, kulturen og litteraturen. Deretter koplar programleiarane Mona B. Riise og Britta B. Bergen til verda i beste Grand Prix-stil når dei «ringer opp» vertane i kvart land. Eit unikt litterært program vil så bli vist, til glede for det lokale publikummet i den aktuelle byen, publikummet på Litteraturhuset i Bergen, og for alle over heile verda som vil følgje programmet, heilt gratis, på eigne skjermar. 

Bli med på denne litterære reisa til alle kontinent!

Reiseruta er som følgjer: 14.00 Bergen, Norway – 14.15 Perth, Australia – 15.00 Shanghai, Kina – 15.30 Bergen, Norge – 16.00 Jaipur, India – 16.30 Dubai, Emiratane – 17.00 Gaborone, Botswana – 17.30 Cheltenham, UK – 18.00 Paris, Frankrike – 18.30 Poços de Caldas, Brasil – 19.00 Budapest, Ungarn 19.30 Toronto, Canada, 20.00 Berkeley, USA.

 

Sendinga blir vist på LitFestBergen si YouTube-side, og via Bergens Tidende sine sider bt.no.

 

Du kan også vere publikum i salen under sendinga og sjå Mona B og Britta B i aksjon, og saman med dei sjå innslaga frå dei andra landa!

Det koster kr. 50. Kjøp billett her:

Frå kl. 13.30–17.00

Frå kl. 17.00–20.30

Del Innhald