Skip to the content
Alexander Kagan

Dato: 05.02.2022

Tid: 18.00 - 18.30

Stad: Youtube

Paris, Frankrike

Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube og bt.no

Presentert av Columbia Institute for Ideas and Imagination, Paris

Xiaolu Guo og Ana Paulina Lee, begge stipendiatar ved Columbia Institute for Ideas and Imagination, har skrive dikt om støv i anledning festivalen. Ana vil lese desse dikta akkompagnert av kontrabassist Marc Marder. Saman vil dei improvisere ei framsyning der ord møter musikk, live frå Reid Hall, Montparnasse.

Lokal vert: Marie d'Origny

Xiaolu Guo er ein britisk-kinesisk forfattar og filmskapar. Ho har gitt ut eit dusin bøker på både engelsk og kinesisk. Memoaren hennar Nine Continents fekk National Book Critics Circle Award i 2017. I Am China blei kåra av NPR til ei av årets beste bøker. Ho har òg skrive romanane A Concise Chinese-English Dictionary for Lovers, kortlista til Orange Fiction Prize, og A Lover's Discourse. Ho har regissert filmane She, A Chinese og UFO In Her Eyes. Xiaolu Gu omtalar arbeidet sitt som dokumentarromanar.

Ana Paulina Lee er forfattar og kulturhistorikar. Ho er fakultetsmedlem ved Columbia University, der ho også underviser i «Asian and Latin American cultural and historical connections». Ho har skrive boka Mandarin Brazil: Race, Representation, and Memory og i 2019 fekk ho Antonio Candido Book Prize for beste bok innan humaniora.

Marc Marder er musikar. Han blei fødd i New York i 1955, men har budd i Paris sidan 1978. Etter studiar med Alvin Brehm og Robert Levin ved S.U.N.Y. College at Purchase, debuterte han profesjonelt på Marlboro Chamber Music Festival, før han blei kontrabass-solist for L'Ensemble Intercontemporain, grunnlagt av Pierre Boulez. På åttitalet spilte han i French National Radio Orchestra under Leonard Bernstein og Lorin Maaze, og i Mostly Mozart Orchestra. Han har også undervist i bass ved konservatoriet i Paris. Marder har komponert over hundre filmpartitur, i tillegg til mange konsertstykke og musikk for teater.  Filmen The Missing Picture (2014) vann Cannes-prisen Un Certain Regard og blei Oscar-nominert, og Marder har òg fått Sacem-France Musique-prisen for beste filmmusikk.

Marie d'Origny er assisterande direktør ved Columbia Institute for Ideas and Imagination. Før ho starta på instituttet var ho visedirektør for Dorothy and Lewis B. Cullman Center for Scholars and Writers ved New York Public Library frå 2009 til 2017. Tidlegare har ho jobba med filmbevaring og programmering. Ho har ein bachelorgrad i kinostudie fra Tisch School of the Arts og ein mastergrad i kreativ skriving frå New York University.

Del Innhald