Bli med på lesesirkel

Er du glad i å lese litteratur frå heile verda? Har du lyst til å treffe nye menneske som deler litteraturinteressa di?
Kom på Internasjonal lesesirkel. Det kostar ingenting å vere med. Det einaste kravet er at du vil lese og snakke på engelsk.
Kari Jegerstedt, litteraturelskar og førsteamanuensis ved UiB, leiar lesesirkelen. Ein gong i månaden vel ho ut ei bok blant dei internasjonale forfattarane som kjem til festivalen eller til Litteraturhusets program.
Lesesirkelen møtest til vanleg i Fosse-stova på Litteraturhuset.
Lesesirklar vår 2021:
5. mai: Long Way Down av Jason Reynolds
2. juni: Nebraska av Kwame Dawes
Ved å bli med på lesesirkel får du:
- Treffe nye menneske som deler lesegleda di
- Bli ekstra godt kjent med litteraturen til nokre av forfattarane som kjem til Bergen
- Diskutere litteratur med ein fagperson
- Unik innsikt i land langt borte, kulturelt og politisk – gjennom litteraturen
For spørsmål og påmelding, send e-post til bookclub@litfestbergen.no