Skuleprogram LitFestBergen 2027

Publisert
Merk: mange av programpostane er alt fullbooka
LitFestBergen arrangerer eit eige festivalprogram for ungdomsskular og vidaregåande skular. Målet med skuleprogrammet er å auke interessa for litteratur og lesing blant ungdom ved å ta opp emne som engasjerer dei og som betyr noko i kvardagen deira.
Vi har med oss dei tverrfaglege temaa utarbeidd av Utdanningsdirektoratet (folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling) når vi formar programmet. Elevane vil få høve til å intervjue forfattarane på scena på Litteraturhuset. Alle påmelde klasser får bøker!
Kontakt victoria@litfestbergen.no for leseeksemplar.
Skuleprogrammet 2027 går over tre dagar, frå 10. til 12. februar på Litteraturhuset i Bergen.
Skjema for påmelding finn du nedst på sida. Ein må melde seg på ein dobbeltsesjon med to programpostar. Ver merksam på at Session 2.1 og 2.2 er berre for å melde seg på Runo Isaksens samtale. Vi har dessverre avgrensa plass på Haiku verkstad. Du blir vidaresendt til ein ny side ved vellykka påmelding.
Vi har eit avgrensa tal plassar på kvar sesjon.
Har du spørsmål om skuleprogrammet? Skriv til info@litfestbergen.no
Timeplan



Dette innhaldet kjem frå YouTube, som kan setje informasjonskapslar når det blir vist.

