LitFestBergens stille leseklubb
LitFestBergens stille leseklubb
Vi relanserer LitFestBergens stille leseklubb!
Den tredje onsdagen i kvar månad inviterer Bergen internasjonale litteraturfestival til ei stille lesestund i Fossestova på Litteraturhuset i Bergen. Vi tilbyr kaffe og te, og eit utval av bøker frå tidlegare festivalar er tilgjengeleg for utlån. Vi kjem også til å introdusere forfattarar som er aktuelle til neste festival i 2027 – så her får du moglegheit til ein snik-kikk på neste års program. All elektronikk legg vi i vår hendige festivalhatt mens vi les.
Stad: Fossestova, Litteraturhuset i Bergen
Tid: kl 17-19
Datoar: 18. mars 2026, 15. april, 20. mai, 17. juni, 19. august, 16. september, 21. oktober, 18. november, 20. desember og 20. januar 2027.