Skip to the content
}

Kven er vi?

Administrasjonen

Portrett av Teresa Grøtan

Teresa Grøtan

Festivalsjef

Teresa Grøtan (f. 1974, Noreg) er festivalsjef for Bergen internasjonale litteraturfestival. Ho har bakgrunn som journalist og forfattar, og har ein Master of Arts frå University of KwaZulu-Natal i Sør-Afrika. Grøtan har gitt ut fleire bøker, sist Før øya synker (2018). Ho leia sakprosafestivalen og samtaleserien Verden i Bergen, var redaktør for Syn og Segn og grunnla magasinet Global Knowledge. I 2013 fekk ho Blixprisen for bøkene sine for barn og unge. 

teresa@litfestbergen.no

+47 922 88 550

Portrett av Hjørdis Losnedahl

Hjørdis Losnedahl

Program og produksjon

Hjørdis Losnedahl (f. 1971, Noreg) jobbar med program og produksjon for Bergen internasjonale litteraturfestival. Ho har lang erfaring frå kultur- og festivalarbeid. Losnedahl er tidlegare prosjektleiar i Nordiske Mediedager, har jobba for Festspillene i Bergen og som administrasjonsleiar i Logen Teater. Ho er utdanna cand.mag. med litteraturvitenskap, teatervitenskap og mellomfag i fransk.

hjordis@litfestbergen.no

+47 922 30 992

 

Portrett av Yngve Knausgård

Yngve Knausgård

Kommunikasjon

Yngve Knausgård (f. 1964, Noreg) jobbar med kommunikasjon for Bergen internasjonale litteraturfestival. Knausgård har bakgrunn som kommunikasjonsrådgivar, grafisk formgivar, og sakprosaforfattar. Han er cand.philol med hovudfag i massekommunikasjon og kulturformidling.

yngve@litfestbergen.no

+47 950 27 251

Styret

Portrett av Birthe Kåfjord Lange

Birthe Kåfjord Lange

Styreleiar

Birthe Kåfjord Lange (f. 1973, Noreg) er utdanna cand.merc. frå Noregs Handelshøgskule (NHH), og har også ein PhD i leiing frå 2008 frå NHH. Kåfjord Lange har ti års erfaring med leiar- og kompetanseutvikling, blant anna i Statoil og som tidligare direktør for NHH Executive. Ho har også brei erfaring frå undervisning ved høgskule og universitet, og er styremedlem i Sparebanken Vest.

 

Portrett av Arne Selvik

Arne Selvik

Styremedlem

Arne Selvik (f. 1947, Noreg) er siviløkonom frå Noregs Handelshøgskule (NHH) og cand.polit. frå Universitetet i Bergen (UiB). Han var direktør for Industriøkonomisk institutt i tolv år, etterfulgt av 21 år som seniorkonsulent, programdirektør og redaktør i AFF ved NHH. Han er styremedlem i Tidsbanken og styreleiar i Stiftelsen Litteraturhuset i Bergen. Han er forfattar og medforfattar av ei rekke bøker om leiing og selskapsstyring.

 

Portrett av Jørn Øyrehagen Sunde

Jørn Øyrehagen Sunde

Styremedlem

Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972, Noreg) er professor i juss ved Universitetet i Oslo. Sidan 2002 har han vore forskar ved museet Baroniet Rosendal, og mellom 2008 og 2010 var han professor 2 ved Mellomaldersenteret i Bergen. Sidan 2019 har han også vore forskar ved Nasjonalbiblioteket. Sunde er styremedlem i fondsstyret til NFFO og Justismuseet.

Anne Karin Sæther

Styremedlem

Anne Karin Sæther (f. 1975, Noreg) er forfattar med hovudfag i journalistikk frå UiO. Ho har jobba som journalist i NRK og Dagsavisen og var i fem år kommunikasjonssjef i Miljøstiftelsen Bellona. Sidan 2011 har ho jobba i Utdanningsforbundet, dei siste åra som politisk rådgivar for leiinga. Ho har også undervist journalistikkstudentar og jobba med management for ulike norske artistar. Sæther er styremedlem i Norsk faglitterær forfattar- og oversettarforeining (NFFO). 

Portrett av Gunnar Martin Sørbø

Gunnar Martin Sørbø

Styremedlem

Gunnar Martin Sørbø (f. 1948, Noreg) er tidlegare direktør ved Chr. Michelsens institutt (CMI). Han er sosialantropolog med brei internasjonal erfaring frå forsking og forskningsleiing. Han har mellom anna vore styremedlem i Noregs Forskingsråd, Raftostiftelsen og fleire internasjonale forskningsorganisasjonar. I perioden 1993-1995 var han medlem i Nord-Sør/Bistandskommisjonen, som blir oppnemnd av regjeringa.

Internasjonalt kunstnarisk råd

Portrett av Alisa Ganieva

Alisa Ganieva

Russland

Alisa Ganieva (f. 1985 i Dagestan) er forfattar, journalist og kritikar. Ho debuterte med romanen Salaam, Dalgat! gitt ut under det mannlege pseudonymet Gulla Khiratsjev. Boka skildrar kvardagen for ungdom i Dagestan og tematiserer sosiale og religiøse spørsmål. Salaam, Dalgat! vann prestisjetunge Debut Prize i 2009, og først under denne prisutdelinga avslørte Ganieva kven ho var. Ho har gitt ut romanane The Mountain and the Wall, Bride and Groom og Оскорбленные чувства (Offended Sensibilities). Ganieva har blitt nominert og tildelt ei rad prisar, og bøkene hennar har mellom anna blitt omsette til engelsk, spansk og tyrkisk.

Portrett av Leila Guerriero

Leila Guerriero

Argentina

Leila Guerriero (f. 1967) er journalist. Guerriero skriv fast i fleire aviser og tidsskrift, mellom anna El País (Spania). Ho har gitt ut ei rekke bøker som Una historia sencilla (A Simple Story) og Frutas Extrañas (Strange Fruit: Crónicas) og nyleg Opus Gelber. Retrato de un pianista. I 2010 fekk ho journalistprisen CEMEX-FNPI for dokumentaren “Spor i knoklar”, der ho skildrar eit argentinsk rettsmedisinsk team som reiser verda rundt for å identifisere knoklane etter ofre for militærdiktatur. Artikkelen blei publisert på norsk i magasinet Plot. Bøkene hennar er omsette til engelsk, tysk, fransk, portugisisk, italiensk og polsk.

Portrett av Daniel Medin

Daniel Medin

USA/Frankrike

Daniel Medin (f. 1975) er professor i litteraturvitskap og engelsk ved American University of Paris, der han er assisterande direktør på Center for Writers and Translators og redaktør for Cahiers-serien. Han er også medredaktør i Music & Literature magazine (Houston), bidragsytar og redaktør for The White Review (London), og kuraterer ein serie om Berlin og internasjonal litteratur ved Literaturhaus-Berlin. Daniel Medin har sete i juryen til leiande prisar for omsett litteratur (Best Translated Book Award i USA og Man Booker International Prize i Storbritannia). Han sit no i juryen for tyske HKW Internationaler Literaturpreis.

Portrett av Jonny Steinberg

Jonny Steinberg

Sør-Afrika

Jonny Steinberg (f. 1970) er forfattar og har skrive fleire bøker om kvardagen i kjølvatnet av Sør-Afrikas overgang til demokrati. To av desse vann Sør-Afrikas fremste sakprosapris, Sunday Times Alan Paton Award: Midlands, om drapet på ein kvit bonde, og The Number, ein biografi om ein gjengmedlem i ein fengselsbande. Steinberg har også fått Windham-Campbell litteraturpris, tildelt av Yale University. Han er professor i Afrika-studiar og underviser ved Oxford University.

Portrett av Ece Temelkuran

Ece Temelkuran

Tyrkia

Ece Temelkuran (f. 1973) er ein av Tyrkias mest kjende forfattarar og politiske kommentatorar. Ho var tidlegare spaltist for avisa Haberturk, før ho mista jobben som følgje av kritikken ho retta mot regjeringa. Artiklane hennar har nyleg stått på trykk i Der Spiegel, The Guardian og New York Times. Ho har gitt ut ei rekke bøker, mellom anna Turkey: The Insane and the Melancholy, Women Who Blow On Knots, The Time of Mute Swans og How to Lose A Country. Bøkene hennar er omsette til engelsk, arabisk, tysk, nederlandsk og kroatisk.

Tishani Doshi

India

Tishani Doshi (f. 1975) er ein poet, romanforfattar og profesjonell dansar av britisk og indisk opphav. Doshi har gitt ut ei rekke diktsamlingar og romanar, og har blitt skildra som «ein av verdas
 beste poetar» av den amerikanske forfattaren Gary Shteyngart. Hennar første roman vart nominert til både The Orange Prize og til Dublin Literary Award, medan hennar siste bok, Small Days and Nights (2019), vart kåra til årets bok av
 Irish Times. Hennar siste diktsamling, Girls Are Coming Out of the Woods, var på kortlista for
 Ted Hughes Award. Doshi er busett i Tamil Nadu, sør i India.

Norsk kunstnarisk råd

Portrett av Pedro Carmona-Alvarez

Pedro Carmona-Alvarez

Pedro Carmona-Alvarez (f. 1972, Chile) er forfattar og musikar. Han debuterte med Helter, og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar, romanar og essay. Han har vore redaktør for Cappelen Damms debutantantologi Signaler og for Verden finnes ikke på kartet, ein antologi med gjendiktingar av internasjonal samtidspoesi (med Gunnar Wærness). Bøkene til Pedro Carmona-Alvarez er omsette til dansk, tysk og engelsk og har fått ei rekke prisar, seinast P2-lytternes romanpris 2012. Han er musikar i fleire band.

Portrett av Jan H. Landro

Jan H. Landro

Jan H. Landro (f. 1948, Noreg) er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid. Han er også tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende. Jan H. Landro har skrive ei rekkje bøker, mellom anna Jeg er ikke ironisk. Samtaler med Dag Solstad (2001) og Bernt Tunold. Vestlandsmålar i grønt og grått (2016). Siste utgiving: Frå Nora til Karl Ove – og 84 andre personar i norsk litteratur (2017). Landro er er også bokbadar og føredragshaldar.

Sandra Lillebø

Sandra Lillebø (f. 1978, Noreg) er forfattar, kritikar og kommentator i Klassekampen. Lillebø debuterte som forfattar i 2011 med diktsamlinga Navnet på den ensomme er frigitt. I 2016 gav ho ut si andre diktsamling, Alt skal skinne og blø. Sandra Lillebø er også medredaktør i tidsskriftet Vagant, og tidlegare programrådgivar ved Bergen internasjonale litteraturfestival og Litteraturhuset i Bergen.

Portrett av Eirik Vassenden

Eirik Vassenden

Eirik Vassenden (f. 1971, Noreg) er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Han underviser og publiserer om både eldre og nyare litteratur, er litteraturkritikar og tidlegare redaktør av tidsskrifta Vagant og Edda. Dei siste åra har han forska på litteratur og ideologi, på litteraturkritikk og litterære offentlegheiter. Eirik Vassenden har skrive fleire bøker og vore redaktør for mellom anna Norsk litterær årbok.

Portrett av Gunnhild Øyehaug

Gunnhild Øyehaug

Gunnhild Øyehaug (f. 1975, Noreg) er forfattar og lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har skrive manus til ein langfilm og ein kortfilm, og bøkene hennar er utgitt i Danmark, Sverige og Tyskland. I 2017 kom novellesamlinga Knutar + ut i USA, og i 2018 blei romanen Vente, blinke gitt ut i same land. Vente, blinke er nominert til den amerikanske litteraturprisen National Book Award 2018. Gunnhild Øyehaug fekk Bjørnsonstipendet i 2006, Doblougprisen i 2009 og Sultprisen i 2009. Siste utgiving: Presens maskin (2018).

Del Innhald