Skip to the content
}

Bergen internasjonale litteraturfestival

Foto av publikum på litteraturfestival
Eivind Senneset

Fem dagar med sakprosa og skjønnlitteratur frå heile verda

Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) presenterer internasjonal og norsk litteratur, og blei arrangert for første gong i 2019.

Formålet er å presentere internasjonal og norsk sakprosa og skjønnlitteratur av høg kvalitet, og gjennom det auke forståinga for verda vår i dag og menneska sin plass i den.

LitFestBergen er kjenneteikna av eit litterært, språkleg, kulturelt og geografisk mangfald. Bergen internasjonale litteraturfestival skal vere modig og nyskapande, og samtidig tilgjengeleg for eit breitt publikum. På festivalen møter publikum forfattarar frå heile verda og frå Noreg, og får innsikt i litteratur som går rett inn i dei store, viktige spørsmåla som gjeld oss alle.

I 2020 hadde festivalen forfattarar frå 25 nasjonar, 82 programpostar fordelt 50/50 på norsk og andre språk, 4700 publikummarar, eige ungdomsprogram og eit barneprogram i samarbeid med Bergen offentlige bibliotek.

LitFestBergen blei nominert til årets kulturhending i Bergen i 2020 (vinnaren blir kåra i løpet av året).

Festivalsjef er Teresa Grøtan. Les meir om administrasjonen, dei kunstnariske råda og styret her.

Neste festival blir arrangert 10.–14. februar 2021 på Litteraturhuset i Bergen.

Del Innhald