Skip to the content

Dato: 05.02.2022

Tid: 19.00 - 19.30

Stad: Youtube

Budapest, Ungarn

Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube og bt.no

ISA PUR ES CHOMOU,  «Sanneleg er vi berre aske og støv»

Presentert av Hungarian Translators' House Foundation og The Hungarian Association of Literary Translators.

Det blir opplesingar, framsyningar og jazzpoesi med ungarske forfattarar og musikarar, inspirert av sitatet frå Nyelvemlékek (Gravferdspreik), den eldste bevarte samanhengande teksten vi kjenner til på ungarsk. Teksten er skriven mellom 1192 og 1195 f. Kr, og er å finne på f.154a i Pray Codex eller det ungarske bedemanuskriptet.

Lokale vertar: Gábor Schein og Eszter Orbán

 

 

György Spiró blei fødd i Budapest 1946. Han er ein av Ungarns leiande samtidsforfattarar. Han er også skribent, dramatikar, oversettar og spesialist på polsk litteratur. Spiró er ein av dei mest spelte dramatikarane i Ungarn. Romanen Captivity (2015) var den litterære sensasjonen det året, og for den fekk han Aegon-prisen. Boka var også lista som ei av dei beste i 2015 av Wall Street Journal. Spirós verk har blitt omsett til engelsk, tsjekkisk, hebraisk, polsk, fransk, tysk, spansk, italiensk og tyrkisk.

Gabor G. Gyukics, fødd i 1958, er ein prisvinnande amerikansk poet og omsettar. Han har budd i USA sidan 1988 og skriv på både ungarsk og engelsk. Gyukics er medlem av Hungarian Society of Writers, Critics and Literary Translators. Han har mottatt omsettarprisen Füst Milan, National Cultural Foundation Grant og Salvatore Quasimodo-prisen for poesi. I 1999 starta han ei arrangementsrekke med open mikrofon og jazzpoesi.

Béla Ágoston, fødd i 1966, er ein ungarsk multiinstrumentalist. Han studerte musikk og song ved universitetet Janus Pannonius, og no er han ein anerkjend jazz- og folkemusikar med mange spennande prosjekter bak seg. Ágoston speler saksofon i Ensemble Dél-alföldi.

Kinga Tóth, fødd i Budapest i 1983, er songar, forfattar, lydpoet, lærar og omsettar. Ho skriv på ungarsk, tysk og engelsk, og presenterer arbeidet sitt gjennom utstillingar, framsyningar og installasjonar. Ho underviser og organiserer internasjonale workshops, og har jobba både som skribent og redaktør.

Péter Závada, fødd i Budapest I 1982, er ein ungarsk poet, dramaturg og dramatikar. Han har studert teater, engelsk og italiensk, og tar no doktorgrad i estetikk ved ELTE. Závada var ein del av den suksessfulle rap- og slampoesigruppa Akkezdet Phiai, før han retta all merksemd mot lyrikk og skodespel.

Ádám Nádasdy, fødd i 1947, er poet og professor emeritus i engelsk lingvistikk ved universitetet Eötvös Loránd I Budapest. Han skriv på ungarsk, engelsk, italiensk, tysk og fransk, og har omsett fleire Shakespeare-verk til ungarsk. Med ei fast spalte i magasinet Magyar Narancs bidrog han til å gjere lingvistikken meir populær blant folk flest.   

Bandet Hanem dukka opp på Budapest-scena med ein revival av den musikalske kabareten. Dei speler tango, chanson og slagarar frå heile verda, og har samla og omarrangert favorittar frå urban folklore frå 1900-talet og 2000-tallet. Med ferske reaksjonar på verdshendingar omtolkar og omskriv dei songane. Ungarske forfattarar som Lajos Parti Nagy, Katalin Szlukovényi and Zsófia Bán, hjelper til med tekstane. Bandet består av Kriszta Bíró (skodespelar), Márta Murányi (skodespelar, songar), Lídia Nádori (omsettar), Zsófi Rick (fotograf, journalist Ági Sváb (lærar).

Gábor Schein, fødd i 1969, er rekna som ein av dei skarpaste og mest interessante forfattarane i det post-kommunistiske Ungarn. Han har skrive mange romanar, diktsamlingar, barnebøker, skodespel og historiske avhandlingar, og mottatt prisar som Artijus-díj, Milán Füst og Attila József-prisen. I tillegg underviser han i nyare ungarsk litteratur ved ELTE i Budapest.

Eszter Orbán er dramaturg og omsettar. Ho har studert dramatisk teori og dramaturgi, og har doktorgrad frå Universitetet for teater og filmkunst i Budapest. Orbán jobbar på ungarsk, engelsk, italiensk og fransk.

Del Innhald