Skip to the content
Vitor Imesi

Dato: 05.02.2022

Tid: 18.30 - 19.00

Stad: Youtube

Poços de Caldas, Brasil

Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube og bt.no

Presentert av FLIPOÇOS, Festival Literário de Poços de Caldas

Frå Poços de Caldas, en by sør i Minas Gerais, får vi høyre dei poetiske og tankefulle orda til Nélida Piñon, Paulo Scott, Ailton Krenak, Nara Vidal, Kátia B. de Mello Gerlach og Milton Hatoum. Desse dikterane og forfattarane, som kjem frå forskjellige delar av det kontinentale Brasil, vil snakke om Amazonas, naturen, urbefolkinga, barna i Rio de Janeiro og fleire litterære støvflekkar. Saman med publikum i salen vil Flipoços, ein av Latin-Amerikas største litterære festivalar, dele innsikter i utsikter frå brasiliansk litteratur og opne dørene til dette kulturrike og mangfaldege landet.

Lokale vertar: Gisele Corrêa Ferreira og Decio Zylbersztajn

Nélida Piñon er fødd i Rio de Janeiro og medlem av det brasilianske litterære akademiet (Brazilian Academy of Letters). Ho debuterte i 1961 og er no rekna som ein av Latin Amerikas fremste forfattarar. Piñon har mottatt fleire prisar, mellom anna Golfino de Ouro, Mário de Andrade og Jabuti. Internasjonalt har ho fått prisar som Juan Rulfo/FIL og Príncipe of Asturia for arbeidet som heilskap. Ho er første kvinnelege president i det brasilianske litterære akademiet. Piñon har undervist i skriving ved institusjonar som universitetet i Columbia, John Hopkins og universitetet i Miami.

Milton Hatoum er av libanesisk opphav og fødd i Manaus. Han studerte litteratur i Paris og har jobba som professor i litteratur ved det føderale universitetet i Amazonas (UFAM) og ved Berkeley University. Han har skrive fleire prislønte romanar, slik som Tale of a Certain Orient, Two Brothers og Ashes of the Amazon. Arbeidet hans har blitt tilpassa både kino og TV. I 2017 fekk han tittelen «Offiser» ved den franske ordenen L’Ordre des Arts et des Lettres av franske myndigheiter.

Ailton Krenak er ein aktivist frå Krenak-stamma i Brasil. I 1988 stifta han The Union of the Indigenous Nations, og i 1989 The Alliance of the People of the Forest. Han er no direktør for organisasjonen The Indigenous Culture Nucleus. Krenak underviser ved Universitetet i Juiz de Fora i tillegg til å vere gjesteforskar ved The Federal University of Minar Gerais’ Catedra Calas. Han er også forfattar, journalist, manusforfattar og programleiar, og bøkene hans er blitt omsett til fleire språk.

Nara Vidal blei fødd i Guarani, Minas Gerais. Ho studerte litteratur ved universitetet i Rio de Janeiro, og kunst og kultur ved London Metropolitan. Ho har publisert fleire prislønte barnebøker og romanar, mellom anna Sorte, som blei tildelt prisen Prêmio Oceanos i 2019, og hennar nyaste Maoas para desaparecer. Ho er spaltist for Caderno Dois de Cultura, koordinerer Brazilian Translation Club og styrer den nettbaserte bokbutikken Capitolina Books. I 2021 var Vidal gjesteforfattar ved Fundação Dom Luís I literary residency i Portugal.

Paulo Scott, fødd i Porto Alegre, er forfattar, dramatikar, manusforfattar og omsettar. Han studerte juss ved Pontifical Catholic University of Rio Grande do Sul. Scott har mottatt fleire prisar, mellom anna Prêmio Fundacão Biblioteca Nacional, og vore kortlista for Prêmio Jabuti og Prêmio São Paulo de Literatura. Adapsjonen av novella «Still Orangutans» vann prisen for beste film på filmfestivalen i Milano i 2008. Bøkene hans er publisert i Portugal, England, USA, Tyskland, Kroatia, Mexico, Kina, Chile, Spania, Frankrike og Argentina.

Ozias Filho

Kátia Bandeira de Mello Gerlach er ein prislønt poet, forfattar og biletkunstnar. Ho har master i jus med spesialisering i internasjonal privat rett frå universitetet i London og New York University, og ho er medlem i New York State Bar. Hennar første noveller blei publisert av kunstkollektivet Projeto Dulcinéia Catadora, som er ein del av Cartonera-bevegelsen. Ho har vore gjesteskribent ved West Point Academy og universitetet i Colombia. I 2020 var ho gjesteskribent ved UMass Boston/Instituto Camões IX Portuguese Language Literature Conference. Elles skriv ho for La Cause Litéraire, Curious Fiction, Revista Philos og Words without Borders. I 2018 satt ho saman ein antologi til ære for barn drepne av vådeskudd i fattige strøk i Rio de Janeiro. 

Decio Zylbersztajn, er forfattar og professor, fødd i São Paulo i 1953. Han er agronom med doktorgrad i økonomi og utdanna ved universitet i São Paulo, North Carolina og Berkeley. Zylbersztain har publisert fleire noveller, mellom anna «Como são cativantes os Jardins de Berlim» og «Acerba Dor», i tillegg til romanen O Filho de Osum. Han er aktiv innan fleire kulturelle organisasjonar og medlem i ei rekke bedriftsstyre og sosiale organisasjonar.

Gisele Corrêa Ferreira er grunnleggaren av Flipoços, den internasjonale litterære festivalen Poços de Caldas, Minas Gerais, ein av Latin-Amerikas største. Ferreira har over tretti års erfaring med å organisere kulturelle og vitenskapeliege prosjekt gjennom selskapet sitt, GSC Special Events. GSC organiserar ei brei portefølje av arrangement innen litteratur, musikk, miljø og utdanning.

Ferreira er utdanna innan Public Relations ved det katolske universitetet i Campinas (SP) og tok ein mastergrad i Business Management ved universitetet i São Paulo (USP).

Det siste tiåret har Ferreira jobba som kurator, formidlar og føredragshaldar i lusofoniske og iberiske festivalar i Europa og Afrika, og med promotering og kulturutveksling mellom portugisisktalande land så vel som nasjonar i Latin-Amerika. Ferreira er medlem av «Poços Literária»-komiteen, eit prosjekt som arbeider med byen Poços de Caldas søknad for å integrere UNESCOs internasjonale nettverk av kreative byar rundt om i verda. Ferreira tilhøyrer «Academia Poços Caldense de Letras» og «ASMILACC – Academia de Letras, Artes, Cultura e Ciências», i Poços de Caldas. I 2021 var Ferreira medlem av São Paulos PROAC, Commission for the Evaluation of Cultural Projects.

Del Innhald