Dato: 05.02.2022
Tid: 20.00 - 20.30
Stad: Youtube
Berkeley, USA
Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube og bt.no
"This Land Is Our Land": Framveksten av urfolkslitteratur i USA
Presentert av Bay Area Book Festival (BABF)
"This land is your land and this land is my land / From California to the New York island / From the redwood forest to the Gulf Stream waters / This land was made for you and me" – slik lyder ei strofe i ein av dei meste berømte amerikanske folkesongane, Woodie Guthries This Land is Your Land. Men då dei britiske kolonistane fyrst kom til dette landet, tilhøyrde det allereie andre menneske. Gjennom hundreåra som fylgde, desimerte nybyggarane systematisk desse innfødde, og i 1851 tvang dei indianarane til å leve i såkalla reservat. Til tross for ei traumatisk historie, har innfødde klart å halde liv i mange av språka og i det minste noko av den munnlege forteljartradisjonen. På slutten av 1900-talet såg vi ei litterær oppblomstring der forteljingane deira blei publisert skriftleg, i form av romanar, sakprosa og poesi.
Greg Sarris har vore ein sentral skikkelse i dette litterære framsteget. Han blei fødd i Sonoma, rett nord for San Fransisco. Romanen hans Grand Avenue frå 1995 har inspirert utallege andre innfødde forfattarar og retta mykje merksemd mot litterære stemmar blant urfolk. Sidan debuten har han gitt ut ei lang rekke bøker og undervist i amerikansk litteratur. Sarris sin politiske aktivismen har bidratt stort til å sikre rettane til innfødde i landet. Han er inne i si femtande periode som leiar av The Federated Indians of Graton Rancheria i California.
No kan du møte han i samtale med Cherilyn Parsons, grunnleggjar og direktør av Bay Area Book Festival. Dei vil snakke om framveksten av urfolkslitteratur i USA, Sarris sitt politiske arbeid og den kommande boka hans Becoming Story: A Journey among Seasons, Places, Trees, og Ancestors.
Lokal vert: Cherilyn Parsons
Greg Sarris, fødd i 1952, er ein prislønt amerikansk forfattar som sitt i sin femtande periode som styreleiar for Federated Indians of Graton Rancheria, ei stamme frå Coast Miwok og Pomo, som fekk rettar og føderal anerkjenning takka vere den politiske aktivismen til Sarris. Han har doktorgrad i moderne tenking og litteratur frå Stanford University, og har undervist i amerikansk urfolkslitteratur og andre fag ved fleire universitet. Utgivingane hans inkluderer How a Mountain Was Made, Watermelon Nights, Mabel McKay, Keeping Slug Woman Alive og Grand Avenue. Sistnemnde har fått spesielt mykje merksemd, og saman med Robert Redford laga Sarris ein HBO-miniserie basert på boka. Sarris er utvalt til Smithsonian National Museum of the American Indian’s Board of Trustees og American Academy of Arts and Sciences.
Cherilyn Parsons, fødd i Los Angeles i 1963, er grunnleggjar og administrerande direktør for Bay Area Book Festival. Denne blei lansert i 2015, og er ein av dei mest internasjonale litterære festivalane i USA. Parsons står også bak Women Lit, som har som mål å rette merksemd mot kvinnelege stemmar og skape litterære fellesskap gjennom arrangement med kvinnelege forfattarar. Ho har vore med å bygge opp gravande journalistikk i landet, for eksempel ved Center for Investigative Reporting. Parsons står bak fleire innsamlingsaksjonar og har også jobba som reiseskribent og bokmeldar. Ho har mastergrad i Professjonal Writing frå University of South California.