Skip to the content

Dato: 05.02.2022

Tid: 16.30 - 17.00

Stad: Youtube

Dubai, Emiratane

Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube og bt.no

Poesi i bevegelse

Presentert av Emirates Airline Festival of Literature, Dubai

Bli med ​​på ei fengslande framsyning mens vi glir langs den historiske elva, Creek, hjartet og sjela til Dubai, og det spektakulært moderne Canal District, den nye heimen til festivalen. Nyt atmosfæren med tre av Dubais fremste poetar, den internasjonalt anerkjende emiratiske Dr Afra Atiq, den Dubai-baserte filippinske poeten Danabelle Gutierrez og den emiratiske tekstforfattaren og soulsongaren Arqam. Alle feirar dei ordet si kraft og evne til å overskride kategoriar og grensar, dyrke toleranse og det inkluderande, og vise veg til det sublime.

Lokal vert: Ahlam Bolooki

Dr Afra Atiq er ein emiratisk akademikar og poet. Ho har ein doktorgrad i media og kreative næringar, og ein mastergrad i diplomati. Ho har forska på kartlegging av den arabiske litterære sfæren, utdanning, leseferdigheit, effektar av sosiale medium og kollektivt minne. Ho har fått ei rekke prisar for poesien sin, og stått på scener over hele verda. Ho skriv og opptrer både på engelsk, arabisk og fransk. Ho er ein av grunnleggarane av Untitled Chapters – eit fellesskap for kvinnelege forfattarar frå Emiratene.

Danabelle Gutierrez er forfattar, skodespelar og fotograf, og har fått ei rekke prisar. Ho har skrive poesibøkene I Long To Be The River og & Until The Dreams Come, og pamflettane Eventually, The River Surrenders og Softer. Danabelle er fødd i Las Piñas og oppvaksen i Kairo, Wien og Muscat, og bur no i Dubai der ho for tida skriv på si neste bok Tears Across The Earth.

Arqam er fødd og oppvaksen i Emiratane, med røter i Oman og Zanzibar. Han er en ung soul-songar som prøver å gjere ein forskjell med musikk og bevisst entreprenørskap. Musikken hans speglar Emiratane, der gamle verdiar møter dei nye og progressive, og blander tradisjonell soul med neo-soul beats. Tekstane er forankra i positivitet, introspeksjon, kjærleik og leiting etter meining.

Ahlam Bolooki er direktør for Emirates Festival of Literature – Midtaustens største feiring av det skrivne og talte ord. Med eit oppdrag om å inspirere alle, inkludert ikkje-lesarar, til å lese av lyst, er Ahlam ansvarleg for å utarbeide ein strategi og kuratere eit mangfaldig, inkluderande og opplysande festivalprogram. Med appell til publikum i alle aldrar og frå ulike bakgrunnar, trekk festivalen til seg friske idear og framtidsretta tenking, samtidig som den fremmar eit meir empatisk samfunn.

Ahlam har òg jobba som sjef for regionale kampanjar i Dubai Tourism – som skal styrke posisjonen til Dubai som ei verdsleiande reiselivsdestinasjon.

Del Innhald