Skip to the content
Image of Perth supplied by Tourism Western Australia. This image is ©

Dato: 05.02.2022

Tid: 14.15 - 15.00

Stad: Youtube

Perth, Australia

Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube og bt.no

Presentert av Writing Western Australia (Writing WA)

Møt Michelle Johnston i samtale om debutromanen Dustfall med Claire Nichols.

Med utgangspunkt i folkehelsetragedia på 1930-tallet i asbestgruvebyen Wittenoom i Vest-Australia – ein by som no offisielt er sletta frå kartet – vil samtalen utforske tema som menneskeleg feil, ansvar og skuld, bedriftseigarar sin grådighet, styresmaktene si manglande evne til å verne innbyggarane, og dei forferdelege konsekvensane av medisinske feil.

Lokal vert: Claire Nichols

 

Michelle Johnston er akuttlege ved eit sjukehus i Perth. Ho studerte medisin ved University of Western Australia og fekk stipendiat ved Australian College for Emergency Medicine i 1998. Ho meiner det finst eit bankande hjarte av humanisme, kunst og venleik i den brutale røynda i akuttmottaket.

Claire Nichols er programleiar for ABC Radio Nationals The Book Show, der ho presenterer og intervjuar leiande forfattarar frå Australia og rundt om i verda. Claire har arbeidd i meir enn eit tiår ved ABC, med TV- og radionyheiter både på ABC Local Radio og på Radio National.

Haunting and lyrical, humming with compassion and insight…Michelle Johnston is a rare talent, and this is a rare jewel of a novel.

Kathryn Heyman
Del Innhald