Dato: 05.02.2022
Tid: 16.00 - 16.30
Stad: Youtube
Jaipur, India
Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube og bt.no
Nanak Singhs Khooni Vaisakhi
Navdeep Suri i samtale med Sanjoy Roy, og musikalsk tolkning av diktet ved Harpreet
Presentert av Jaipur Literature Festival (JLF)
Den 13. april 1919 slutta tjueto år gamle Nanak Singh seg til fredelege demonstrantar som protesterte mot Rowlatt Act i Jallianwala Bagh. Britiske soldatar drap 400 av demonstrantane og skada 1200. Opplevinga endra livet til Singh. Han låg blant hundrevis av lik utan å bli oppdaga, og overlevde massakren. Diktet han skreiv om den traumatiske hendinga – Khooni Vaisakhi – blei forbode like etter publiseringa i mai 1920. Navdeep Suri, barnebarnet til Nanak Singh, snakkar med produsenten i Jaipur litteraturfestival, Sanjoy Roy, om å oppdage diktet på ny og omsette det seksti år etter at det kom ut.
Lokal vert: Sanjoy Roy
Navdeep Suri har mellom anna vore Indias ambassadør i UAE, høykommissær i Australia, ambassadør i Egypt og generalkonsul i Johannesburg. Han har også hatt diplomatiske oppdrag i Tanzania, Storbritannia og USA. Etter anerkjende omsettingar av bestefaren Nanak Singhs romanar Pavitra Paapi as The Watchmaker og Adh Khidya Phul as A Life Incomplete, har han jobba med Khooni Vaisakhi – eit langdikt skrive av Nanak Singh i 1920, etter at Singh overlevde massakren i Jallianwala Bagh.
Kulturentreprenøren Sanjoy Roy er administrerande direktør for Teamwork Arts, som produserer over 25 høgt anerkjende festivalar innan scenekunst, visuell kunst og litteratur, i 40 byer i land som Australia, Canada, Egypt, Frankrike, Tyskland, Hong Kong, Italia, Singapore, Sør-Afrika, Spania, Storbritannia og USA, inkludert den største litterære festivalen i verda – den årlege Jaipur Literature Festival.
Harpreet er ein allsidig artist som syng eigne komposisjonar på hindi, så vel som på punjabi, bengali, assamese, rajasthani og haryanvi. Han er opplærd i hindustansk klassisk musikk, og speler både gitar og fløyte. Han blandar det moderne og det tradisjonelle når han komponerer låtar, og brukar både eigne tekster og klassisk poesi. Han er mest kjend for å lage musikk til verk av diktarar som Kabir og Bulleh Shah. Songen Kutte (hund), som handlar om ein hund sitt syn på menneskelivet, blei brukt i Bollywoodfilmen Titli.