Skip to the content
Krzysztof Kotkowicz-unsplash

Dato: 05.02.2022

Tid: 15.00 - 15.30

Stad: Youtube

Shanghai, Kina

Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube og bt.no

Støv – modernisme i gatene: Ny bølge av kvinneleg samtidslitteratur i Shanghai

Presentert av Northing Space, Shanghai, China

"Modernism in the streets, informs the writings of all those authors who consistently sought to make the cities with which they were familiar seem new or strange by traversing them aimlessly, sometimes desperately, on foot, in a state of heightened susceptibility to the relentless stimuli of the streets."

Dette skriv Matthew Beaumont i The Walker: On Finding and Losing Yourself in the Modern City, og er lett å kjenne igjen i forfattarskapet til fleire kvinnelege samtidsforfattarar i Shanghai, Kinas største by. Forfattarskapa er forankra i observasjonar, refleksjonar og fantasiar om gatene og kvardagen i denne megabyen. I denne samtalen vil vi diskutere korleis gatene i metropolen inspirerer, nærer og formar forfattarskapa, og korleis realismen til forfattarane skil seg frå forgjengarane sine.

Lokal vert: btr

 

Les tekster av dei kinesiske forfattarane ved å følge denne lenka.

Wang Zhanhei er ein av Kinas mest suksessrike unge forfattarar. Ho har skrive fleire novellesamlingar: Air Cannon, som fekk den første Blancpain-Imaginist Literary Prize, Neighborhood Adventurers, som fokuserer på arbeidarklasseliva til urbane kinesarar og Litle Huadan (kvinneleg rolle i kinesisk opera). Ho er utdanna frå universitetet i Fudan, og jobbar også som lærar på vidaregåande skule.

Shen Dacheng er spaltist, romanforfattar, novelleforfattar og redaktør. Etter at ho blei uteksaminert frå universitetet i Shanghai i Industrial Management, jobba ho med marknadsføring og skreiv ei spalte i den litterære publikasjonen Sprout, kalla «Strange People». Ho debuterte i 2017 med The Ones in Remembrance. Hennar siste bok er novellesamlinga Asteroids in the Afternoon.

Bao Huiyi har omsett elleve bøker frå engelsk til kinesisk, inkludert Elizabeth Bishops komplette dikt, Sylvia Plaths Ariel og Margaret Atwoods Good Bones. Ho er assisterande professor ved Institutt for engelsk ved universitetet i Fudan, og har ein doktorgrad frå University College Dublin. Ho har gitt ut bøkene Annal of the Emerald Isle (2015), A Pagan Book of Hours (2012), og I Sit on the Edge of the Volcano (2016).

btr er forfattar og omsettar av engelsk litteratur, busett i Shanghai. Han har publisert Shanghai: Notes on City Life (2003), Bizarre Stories (2013), Mini Stories (2016) og Petite Mort (2017). Han har mellom anna omsett Paul Austers The Invention of Solitude, Winter Journal og Abbas Kiarostamis Lessons with Kiarostami.

Del Innhald