Dato: 05.02.2022
Tid: 15.30 - 16.00
Stad: Youtube
Bergen, Norge
Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube og bt.no
Presentert av Bergen International Literary Festival (LitFestBergen)
I Linn Ullmanns siste bok Jente 1983 møter vi ei kvinne som opplever at livet hennar, og verda utanfor, slår sprekker, samtidig som ho dykkar ned i fortrengte og gløymde minne, og prøver å forstå den jenta ho var som sekstenåring, på godt og vondt. Linn Ullmann sitt forfattarskap er oversett til ein rekke språk. Under Literature Live Around the World møter vi Linn Ullmann, i samtale med Mona B. Riise. Ullmann vil også lese frå boka.
Bjørn Tomren har tatt Noreg med storm med sin heilt særeigne blanding av jodling, jazz, blues, strupesong og pop. Tomren vil stå for det musikalske innslaget, direkte frå Bergen.
Lokale vertar: Mona B. Riise
Linn Ullmann er forfattar, kritikar og journalist. Ho studerte engelsk litteratur ved New York University, og har jobba fleire år som kritikar og kommentator i Aftenposten og Dagbladet. Med debutromanen Før du sovner frå 1998 etablerte ho seg raskt som ein internasjonal forfattar, og bøkene hennar er utgitt i meir enn 30 land.
Ho har fått Amalie Skram-prisen og Doblougprisen og vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, i tillegg til å bli heidra med Gullpennen for arbeidet som journalist. Hennar siste bok Jente, 1983 kom ut hausten 2021.
Bjørn Tomren imponerte det norske folk som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien Stjernekamp. Med eit unikt utrykk og ei eineståande formidlingsevne, har Tomren på kort tid klart å bli folkeeige, og han blir omtala som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er også kjent frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for A-ha og laga dokumentarfilmen Kunsten å jodle. I 2019 gav Bjørn ut sitt første album Bad Science Fiction. Tomren driv med alt frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk-protestmusikk. Han har i tillegg gjennomført fleire ekspedisjonar, og kryssa Noreg i kajakk, til fots, på ski og i robåt. Han kan òg sjå tilbake på ein kort karriere som klovn.
Britta B (Canada) er lyrikar, slampoet, konferansier (emcee) og kunstlærar busett i Toronto.
Britta B. har ein MFA i kreativ skriving frå University of Guelph, og er professor i spoken word performance ved Seneca College.
I 2021 fekk ho Toronto Arts Foundation Emerging Artist Award. Verka hennar har blitt presentert på trykk, som lydinstallasjon og på scener over heile Nord-Amerika.
Mona B Riise er journalist og programleiar på TV og radio. Ho er utdanna frå Universitet i Oslo, med litteratur, medium og kommunikasjon i fagkretsen.
Riise har lang fartstid som reporter og programleiar for musikk og kulturprogram på NRK, blant anna Lydverket, og har i mange år sete i ekspertpanelet til NRK-programmet Stjernekamp.
I 2018 gav ho ut Norsk pop-poesi, ei samling poetiske høgdepunkt frå norsk pop, rock og rap, der ho også har snakka med tekstforfattarar om prosessen bak låtsuksessane.