Skip to the content

Dato: 05.02.2022

Tid: 17.00 - 17.30

Stad: Youtube

Gaborone, Botswana

Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube og bt.no

Presentert av Gaborone Book Festival, Botswana

Møt tre samtidsforfattarar frå Botswana som snakkar om sine litterære verk på tvers av sjangrar, og om kva som inspirerer dei i deira litterære prosjekt. Samtala blir produsert og moderert av Cathy Malejane som er ei kjend radiostemme i Botswana. Panelet består av Tlotlo Tsamaase som fekk Nommo-prisen i 2020, Botho Lejowa som mottok The African Writers Trust Publishing Grant i 2020, og forfattar og songar Tomeletso Sereetsi.

Lokal vert: Cathy Malejane

Tlotlo Tsamaase er Motswana-forfattar og skriv skjønnlitteratur, poesi og artiklar om arkitektur. Ho har publisert i The Best of World SF bind 1, Futuri uniti d'Africa, Clarkesworld, Terraform, Strange Horizons, Africanfuturism Anthology og andre publikasjonar. Romanen hennar, The Silence of the Wilting Skin er finalist I Lambda Literary Award 2021. Novella «Behind Our Irises» blei nominert til Nommo Awards i 2021.

Botho Lejowa har gitt ut to romanar, sist Meetings with Death frå 2021. Debutromanen Leah: A Seer's Legend blei gitt ut i Storbritannia i 2015. Ho er stipendiat i African Writer's Trust Publishing Fellowship Program Grant og mottakar av deira Publishing Fellowship Program Grant i 2020. Botho er grunnleggaren av Write Me Free, ein ideell organisasjon som prøver å rettleie og utvikle kreative skrivetalent i Sør-Afrika.

Tomeletso Sereetsi er forfattar av boka The Solo Four String Guitar of Botswana, ein instruksjonsmanual for folk-gitar. Tomeletso er også komponist, gitarist, produsent, arrangør og songar i gruppa Sereetsi and the Natives.

Lokal vert: Cathy Malejane

Del Innhald