Skip to the content

Dato: 05.02.2022

Tid: 19.30 - 20.00

Stad: Youtube

Toronto, Canada

Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube og bt.no

Poesi frå oska

Presentert av Toronto International Festival of Authors (TIFA)

Tre canadiske stjerneskot, Kelisha Daley, Shahaddah Jack og Martin Gomes, gir poesien makt i denne rå og inspirerande Spoken word-presentasjonen, presentert live av Desiree Mckenzie. Utøvarane er elevar ved det ungdomsleia JAYU, iAM-programmet, for kunst og sosial rettferd for unge mellom 12 og 26 år. Desiree Mckenzie er ein prislønt utøvar og kunstpedagog, som i 2019 fekk tittelen «Champion» i den canadiske festivalen for Spoken Word, presentert saman med JAYU og KUUMBA: Toronto’s største feiring av Black Future Month, støtta av TD Ready Commitment og dei kanadiske myndigheitene.

Lokal vert: Desiree Mckenzie

Kelisha Daley står fast på at livet er romantisk, sjølv i det daglegdagse. I ein alder av 26 er ho ein tverrfagleg kunstnar, skodespelar, forfattar, designar og poet. Kelisha blei uteksaminert frå Humber College i 2020 der ho fekk teateropplæring i performativ kunst. Filmprosjekta hennar inkluderer The Bliss of Falling, produsert med The And, Stages Company i 2020 og den eigenproduserte filmen Where There Is Room to Bloom. Ho er skodespelar i The Promotion (regissert av Mike Regis) og Mismatch (regissert av Tasha Gray). Hennar kommande prosjekt heiter «Til gale kvinner overalt» og er ein del av FILM POVs 2021 en/Vision Lab.

Shahaddah Jack er ein 17 år gammal forfattar og poet med stor tru på aktivisme og sjølvutvikling. Ho er oppvaksen i Toronto med ein mangfaldig kulturell bakgrunn som sett preg på poesien og livet hennar. Ho brukar identiteten som farga kvinne til å skape historier som kan koplast til andre, og som kan brukast til å formilde ei av hennar sterkaste meiningar– at smerta er ein styrke. Frå så tidlig som i tolvårsalderen har ho vore med i mange showcases, inkludert TDSBcreates, ei rekke RISE-arrangement og mange fleir.

Martin Gomes tok nylig ein bachelorgrad i musikk ved York University. Han leiar bandet JuiceBox som han vann TIFF: Battle of the Scores-konkurransen med i 2020. Som beatboxar, musikar, korist, modell, forfattar og poet, har han mykje å bidra med. Målet hans er å utvikle eit rom der han og vennane hans kan overleve, trivst og leve liva sine, i eige tempo.

Desiree Mckenzie er ein prislønt poet, fotograf og programkoordinator for JAYU frå Toronto. Poesien hennar har vore presentert i CBC’s Poetic License series, VIBE Arts NExT Exhibit og Clearco Financials’ International Women’s Day Campaign. I 2020 fekk ho prisen JAYU iAM Arts for Human Rights, som går til kunstnarar som gjer ein eksepsjonell innsats i feltet der kunst og menneskerettar møtast. Hennar nye lidenskap for fotografi har vore presentert i prosjekt for The Bentway og ResilienTogether. I mars 2021 gav ho ut ein EP med spoken word, Wet Hair, som er tilgjengeleg på strøymeplattformer.

Del Innhald