Sanning er tema for LitFestBergen 2025
Er jakta på sanning naivt i verda i dag? Eller er søken etter sanning sjølve meininga med livet – og med kunsten?
Det spørsmålet stiller Bergen internasjonale litteraturfestival, den sjuande i rekka.
Heilt sidan antikken har omgrepet sanning vore utgangspunkt for undersøkingar og debatt. I dagens samfunn, med bruk av kunstig intelligens, nystarta krigar og ei aukande polarisering i media og i verda, kan vi, bevisst eller ikkje, velje, redigere, eller til og med kjøpe «sanninga».
Speglar vår tid
Frå 5. til 9. februar 2025 blir rundt 100 forfattarar og andre kunstnarar frå 22 ulike nasjonar presenterte på scenen på Litteraturhuset.
– I år speglar festivalen så til de grader vår tid, seier festivalsjef Teresa Grøtan.
– Til dømes har vi ein programpost som tar menneskets tru på alvor og samstundes går inn i den vanskelegaste konflikten vi står overfor i dag. Eit panel med prest Trond Bakkevig, imam Senaid Kobilica og rabbinar Joav Melchior vil diskutere Moses – den religiøse skikkelsen som står sentralt i alle dei tre religionane, og som førte det israelske folket ut av slaveriet i Egypt. Kan felles respekt for Moses danne grunnlag for samtale og samarbeid mellom folk som tilhøyrer kristendommen, jødedommen og islam?
Det blir feiring av palestinsk litteratur og kultur med mellom anna forfattaren Mohammed Omer, som i 2025 kjem med boka The Pleasures of Living in Gaza. Boka opnar med ei scene frå Rafah der postmannen kjem med Morgenbladet der Omer i ein periode var skribent:
– Det tok månader før avisa kom, men eg kunne framleis lukte Oslo mellom sidene. I dei mørkaste nettene, når angrepa kom, når blodet rann i gatene og Khalil Abu Sahwish og Akram Am Hamfra blei drepne i nabohuset, drog eg heim og skreiv artikkelen min, og i den einsame natta opna eg skuffen og lukta på avisa, desperat etter å kjenne papirlukta, etter å reinse lungene mine frå blodstanken, fortel Omer i ein e-post i forkant av festivalbesøket til Bergen.
Sanning i fengselet
Kva tyder sanning for innsette i Bergen fengsel? I løpet av hausten har dei hatt skrivekurs om temaet, og på festivalen kjem dei saman med forfattar og fengselsbibliotekar Eivind Riise Hauge for å diskutere kva temaet betyr for dei og om skrivinga kan fungere som terapi. Riise Hauge blir også sjølv intervjua om sin siste roman av ein tidlegare innsett som han brukte som «konsulent» under skrivinga.
Det blir seminar om kritikarens moglege fallgraver i møtet med internasjonal poesi, debatt om plagiat i skjønnlitteraturen og i akademia, debatt om Hamsuns møte med det samiske når Pan blir omsett til lulesamisk og Markens Grøde får ein samisk vinkling, om NATOs framtidige rolle i verda, og om sanning i journalistikken.
– Målet vårt for festivalen er å sette saman eit rikt program med omsyn til litterær stil og tone – ein festival som utvidar synet på litteraturen, menneska og verda, seier Grøtan.
Den evige kjærleiken
Kva kan omgrepet «sanning» tilføre litterære arbeid som handlar om til dømes tru, meining og moral, rettferd, kjønn, sex, eller det evige temaet kjærleik? Peruanske Gabriela Wiener, aktuell med romanen Huaco-portrett, som i løpet av hausten har fått mykje merksemd i pressa, kjem for å snakke om boka, men også fordi ho er ein av fire forfattarar som har skrive nye essay om festivaltemaet sanning. Svenske Johannes Anyuru, nigerianske Abubakar Adam Ibrahim og indiske Tishani Doshis nyskrivne essay vil bli publisert på nynorsk i Vinduet og lese og diskuterte på festivalen.
“Kjære mor og far” er tittelen på ein programpost med Margreth Olin som handlar både om romanen om mora og filmen om faren, som også bli vist på festivalen. Andre kritikarroste og prisvinnande forfattarar på festivalen er Kathrine Nedrejord, Johan Harstad, Marjam Idriss, Brynjulf Jung Tjønn, Anna Fiske, Mimir Kristjánsson, Kristina Quintano. Fleire av dei vil også delta på skuleprogrammet til festivalen.
Vestlandsforfattarane er som vanleg godt representerte med Gunnhild Øyehaug, Agnes Ravatn, Einar Økland, Grethe Fatima Syed, Pedro Carmona Alvarez, Eivind Riise Hauge, Henning Bergsvåg, Fredrik Hagen, Eira Søyseth, Sandra Lillebø, Hilde Sandvik og John Olav Nilsen.
Kontakt Teresa Grøtan
Tlf 92288550
teresa@litfestbergen.no