Dato: 06.02.2025
Tid: 15:00 - 15:45
Stad: Alver
Pris: 190/90 (student)
Sanninga frå innsida av murane
Kva er sanninga om ein straffedømd?
I regi av forfattar og bibliotekar ved Bergen fengsel, Eivind Riise Hauge, er det blitt arrangert skrivekurs for dei innsette i fengselet med festivaltemaet «sanning». Riise Hauge tar med seg nokre av kursdeltakarane til LitFestBergen for å snakke om sanning og kva det betyr for dei innsette å få uttrykke seg gjennom skrift. Få stader blir sanninga sett meir på prøve enn i ei straffesak der dommarane vurderer bevis og forklaringar for å avgjere kva som eigentleg har skjedd. Finst det alltid ei sanning om eit lovbrot og motivet bak? Og korleis opplever lovbrytaren sjølv at storsamfunnet skaper si historie om den kriminelle?
I samarbeid med Bergen fengsel.
Samtalen er på norsk.