Skip to the content
Matthew Ansley

Dato: 07.02.2025

Tid: 19:00 - 19:45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/ 90 Student

Kjøp Billettar

Fengsla av litteraturen

På LitFestBergen møter forfattar Eivind Riise Hauge ein tidlegare innsett i Bergen fengsel til samtale om romanen Halvard Borges forbrytelser og karakteren Halvard «Rorgen» Borge.  

I dei siste to romanane til forfattar Eivind Riise Hauge tar forfattaren opp spørsmål knytt til skyld, klasse og kva slags menneske som kan stå bak straffbare handlingar. I Riise Hauges nyaste roman reflekterer forfattaren også over kva rettsvern serieforbrytarane og dei såkalla gjengangarane eigentleg har, særleg dei som ikkje har ordet i sin makt. 

Kva perspektiv har ein tidlegare straffedømt på Rorgen og tematikken i Riise Hauges romanar? Og er karakteren Rorgen ein truverdig fengselsfugl?

Del Innhald