Skip to the content

Dato: 05.02.2025

Tid: 19:30 - 20:30

Stad: Auditoriet

Pris: 290/90 (student)

Kjøp Billettar

Moses i Bibelen, Koranen og Tanakh

Moses er ein av dei mest sentrale skikkelsane både i kristendommen, i islam og i jødedommen. Det var Moses som førte det israelske folket ut av slaveriet i Egypt og tok imot dei ti boda og heilage lovene av Gud. Moses er ein viktig person i alle dei tre monoteistiske religionane som har sitt utspring i Midtausten. I dagens geopolitiske situasjon brukes religion av mange til å fordjupe og videreføre skilnader og konflikt.

LitFestBergen spør: Kan felles respekt for Moses danne eit grunnlag for samtale og samarbeid mellom folk som tilhøyrer kristendommen, jødedommen og islam? 

I panelet sit prest Trond Bakkevig, rabbinar Joav Melchior og imam Senaid Kobilica. Ordstyrar er journalist Hilde Sandvik.

Samtalen er på norsk, med simultantolking til engelsk.

Simultantolking–  slik gjer du det: 

  1. Last ned appen ListenWifi.
  2. Koble deg til nettverket: LitthusLytt
    • Passord: littlytt2025
  3. Opne appen.
  4. Trykk nedst i høgre hjørne og skann QR-koden som du finn på setet ditt eller på ein plakat i rommet.

Du får utdelt hovudtelefonar ved starten av arrangementet, men du kan òg gjerne ta med eigne.

Del Innhald