Trond Bakkevig
Trond Bakkevig (f. 1948, Noreg) er pensjonert prest og er også tilknytta PRIO som seniorforskar innan religion og etikk. Bakkevig har i mange år vist eit stort engasjement i verdas konfliktområde, og mellom 1997 og 2006 var han del av Sentralkomiteen for Kirkenes Verdensråd. Han har særleg engasjert seg i område som Sør-Afrika, Midtausten og Balkan, og sidan 1996 har han lagt til rette for samtaler mellom religiøse leiarar i Israel og Palestina. Bakkevig har vore medlem i Verdikommisjonen, han har også vore personleg rådgjevar for utanriksministrane Knut Frydenlund og Thorvald Stoltenberg og 2011 blei han utnemnd til kommandør av St. Olavs orden.