Dato: 06.02.2025
Tid: 20:00 - 22:30
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 290/ 90 Student
Pal-fest!
I år lagar LitFestBergen ein heidundrande palestinafest!
Denne torsdagskvelden vil vere ei gledefylt feiring av Palestinas tradisjonelle drakter, dans, musikk, mat – og sjølvsagt, litteratur, med vekt på poesi. Dei to vertane for kvelden, Mohammed Omer og Kjersti G. Berg, vil guide publikum gjennom innslag frå ein truga kultur.
Billetten inkluderer opplesing, videohelsingar, matservering, levande musikk – kom og sving deg på dansegolvet!
Introduksjon: Rana Issa
Mat: ARDD catering
Musikk: Sharqant
Opplesing: Palestinske poetar og forfattarar og norske gjendiktarar Wesam Almadani og Anna Kleiva
Arrangementet er på arabisk, engelsk og norsk.