Skip to the content
}

Sharqant

Sharqant er eit band som vart danna i Bergen i 2018 og består av fire musikarar med røter frå Syria og Irak. I dag er det Mohammad Almajzoub og Manar Alhashemi som skal opptre. Bandet tek oss med på ei musikalsk reise som blandar den vakre arabiske kulturen med element frå sufi-musikk. I 2020 gav Sharqant ut eit album i samarbeid med Knut Reiersrud og Håkon Kornstad. Namnet "Sharqant" er ei samansmelting av det arabiske ordet sharq, som betyr "aust," og det norske ordet kant. Dette speglar bandet si oppgåve: å bringe austleg musikalsk tradisjon til den skandinaviske kysten, der den møter og berikar den lokale kulturen.

Del Innhald