Skip to the content

Dato: 06.02.2025

Tid: 16:15 - 17:30

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 110/90 (Student)

Kjøp Billettar

Kritikarseminaret: Kritikarens forplikting og fallgrav

Korleis les og kritiserer vi poesi frå andre språkområde enn dei europeiske? Kva går tapt i gjendikting, lesing – og i kritikken – frå ein kontekst til ein annan? Og er det kritikarens ansvar å lese seg opp og tileigne seg ei utvida kulturell forståing?

Paneldebatt med kritikar og omsetjar Rebecka Kärde (Dagens Nyheter), kommentator og kritikar Ingunn Økland (Aftenposten) og forfattar og kritikar Sumaya Jirde Ali. Ordstyrar er kritikar og omsetjar Margunn Vikingstad (Morgenbladet).

Programposten er ein del av kritikarseminaret «Poesikritikkens forplikting og fallgrav: Kritikk, lesing og gjendikting av poesi». Arrangementet er ope for alle.

Debatten er på norsk.

Del Innhald