Daniel Mordzinski/Camino forlag
Dato:
08.02.2025
Tid:
15:15 - 16:00
Stad:
Olav H. Hauge
Pris:
190/ 90 Student

Å plyndre ein identitet

Peruanske Gabriela Wieners litterære prosjekt i romanen Huaco-portrett er å avkolonisere alt: historia, familien, kjærleik, sex, kropp og sjølve språket og litteraturen. 

Romanen byrjar med at forfattaren besøker etnografisk museum i Paris, og ser seg sjølv i urfolksandleta på utstillinga. Ho er også tippoldebarnet til Charles Wiener, som stal desse gjenstandane til Europa, og som utstillinga er kalla opp etter. Alt i livet hennar ber preg av denne familiearva. Møt Gabriela Wiener i samtale om å navigere i verda og å undersøke livet gjennom litteraturen med forfattar Marjam Idriss.

Samtalen er på spansk med simultantolking til engelsk. 

Simultantolking–  slik gjer du det: 

  1. Last ned appen ListenWifi.
  2. Koble deg til nettverket: LitthusLytt
    • Passord: littlytt2025
  3. Opne appen.
  4. Trykk nedst i høgre hjørne og skann QR-koden som du finn på setet ditt eller på ein plakat i rommet.

Du får utdelt hovudtelefonar ved starten av arrangementet, men du kan òg gjerne ta med eigne.

Deltakarar