Skip to the content

Dato: 23.10.2021

Tid: 12.00 - 00.00

Stad: Alver

Literature Live Around the World (storskjerm)

Laurdag 23. oktober frå klokka 12.00–23.59 vert det reprise på vår storsatsing i februar: Literature Live Around the World.

Vi sett opp ein skjerm i rommet Alver på Litteraturhuset, der du kan komme og gå, og sjå akkurat den delen av sendinga du vil. 

Vi inviterte festivalar og litteraturhus frå heile verda til å lage litterære program på eigne scener med utvalde forfattarar og kunstnarar. 

Alle partnarar viser ein kort video der dei presenterer byen, kulturen og litteraturen. Deretter koplar programleiarane Siss Vik og Mona B. Riise Bergen til verda i beste Grand Prix-stil då dei ringte opp vertane i kvart land.

Reiseruta er som følgjer: 12.00 Bergen, Norway 13.00 Perth, Australia 14.00 Kabul, Afghanistan 15.00 Jaipur, India 16.00 Dubai, United Arab Emirates 17.00 Lagos, Nigeria 18.00 Buenos Aires, Argentina 19.00 Edinburgh, Scotland 20.00 Lyon, France 21.00 Berkeley, USA 22.00 Toronto, Canada 23.00 Treasure Beach, Jamaica.

Sendinga var eit samarbeid med NRK.

Programmet: Bergen, Perth, Kabul, Jaipur, Dubai, Lagos, Buenos Aires, Edinburgh, Lyon, Berkeley, Toronto, Treasure Beach

 

 

Del Innhald