
Dato: 12.02.2021
Tid: 18.00 - 19.00
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 180/80 (stud.)
Buenos Aires, Argentina
Personlege reiseveger
Presentert av Festival Internacional de Literatura de Buenos Aires (FILBA)
Personlege reiseveger har vore ein av dei faste innslaga i FILBA (Buenos Aires internasjonale litteraturfestival) der geografiske vegar møter dei narrative. Vi har invitert dei tre argentinske forfattarane Mercedes Halfon, Mariano Quirós og Juan Ignacio Pisano til å reflektere rundt, og skrive, om deira daglege, eller mindre daglege reiser – enten dei er knytt til barndom, minne eller ei ganske enkelt ei reise gjennom byen som dei er så glad i. Målet er å unngå trivielle eller stereotype stiar, slik at det verkeleg personlege oppstår. Kvar av dei tre opplesingane blir følgt av ein film gjennom tre ulike nabolag i Buenos Aires, sett gjennom dei unge forfattarane sine auge.
LOKAL VERT: Amalia Sanz