Skip to the content
Romainbehar

Dato: 12.02.2021

Tid: 20.00 - 21.00

Stad: Youtube

Lyon, France

Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube.

Franske kvinnelege samtidsforfattarar: feminisme, identitet og galskap

Presentert av Villa Gillet

Villa Gillet er Frankrikes sentrum for internasjonale forfattarar. Staden husar årleg to internasjonale festivalar, Assises internationales du roman (Lyons internasjonale bokfestival) i mai, og Mode d’Emploi (ein idé- og sakprosafestival) i november, så vel som enkeltarrangement gjennom heile året. I år vil Villa Gillet arrangere ei rekke av litterære program med franske kvinnelege forfattarar, som skriv om eit breitt spekter av problemstillingar knytt til feminisme, mental helse og sosiale normer. For Literature Live Around the World vil Lucie Campos, sjef for Villa Gillet, legge fram eit program med tre forfattarar: Joy Sorman, Virginie Despentes og Fatima Daas. Frå Lyon leier ho samtalen med Sorman om hennar nyaste bok, A la folie (2021), etterfølgt av to opplesingar av den franske feministen og skribenten Despentes og den unge og talentfulle feministen Daas, framført av skodespelerane Camelia Jordana og Anna Mouglalis. Teksten i den første opplesinga kom ut i bølgene av #MeToo-rørsla. Den andre er eit utdrag frå ein debutroman som tar føre seg lesbiske, muslimske og feministiske identitetar i forstedene til Paris.

LOKAL VERT: Lucie Campos

 

Del Innhald