Skip to the content
}

Lucie Campos

Lucie Campos (f. Irland) vaks opp i Paris. Ho er sjef for Villa Gillet, Frankrike sitt sentrum for internasjonale forfattarar og heimstaden til festivalane Assises Internationales du Roman og Mode d’Emploi. Som forelesar i litteraturvitskap har ho skrive om Sebald, Kerész, Coetzee, Beckett og Kafka og redigert fleire historiske- og skjønnlitterære antologiar frå det 20. århundre. Dei siste åtte åra har ho veksla på å vere i London og i Paris der ho har utvikla og skapt prosjekt for institusjonar som Institut Français og Collège de France med mål om å promotere omsett litteratur og for å få fleire omsette forfattarar til festivalar, skular og inn i den offentlege debatten.

Del Innhald