Skip to the content

Dato: 12.02.2021

Tid: 12.00 - 00.00

Stad: Youtube

Literature Live Around the World

Du kan sjå Literature Live Around the World gratis på YouTube.

LitFestBergens storsatsing i 2021 er samarbeidsprosjektet Literature Live Around the World. Vi har invitert festivalar og litteraturhus frå heile verda til å lage litterære program på eigne scener med utvalde forfattarar og kunstnarar. Vi er live og direkte frå klokka 12 til midnatt, non-stop!

Alle partnarar viser ein kort video der dei presenterer byen, kulturen og litteraturen. Deretter koplar programleiarane Siss Vik og Mona B. Riise Bergen til verda i beste Grand Prix-stil når dei «ringer opp» vertane i kvart land. Eit unikt litterært program vil så bli vist, til glede for det lokale publikummet i den aktuelle byen, publikummet på Litteraturhuset i Bergen, og for alle over heile verda som vil følgje programmet, heilt gratis, på eigne skjermar. 

Bli med på denne litterære reisa til alle kontinent!

Reiseruta er som følgjer: 12.00 Bergen, Norway 13.00 Perth, Australia 14.00 Kabul, Afghanistan 15.00 Jaipur, India 16.00 Dubai, United Arab Emirates 17.00 Lagos, Nigeria 18.00 Buenos Aires, Argentina 19.00 Edinburgh, Scotland 20.00 Lyon, France 21.00 Berkeley, USA 22.00 Toronto, Canada 23.00 Treasure Beach, Jamaica.

I samarbeid med NRK.

Programmet: Bergen, Perth, Kabul, Jaipur, Dubai, Lagos, Buenos Aires, Edinburgh, Lyon, Berkeley, Toronto, Treasure Beach

 

 

Del Innhald