Skip to the content
Svein-Magne Tunli

Dato: 12.02.2021

Tid: 12.00 - 13.00

Stad: Youtube

Bergen, Norway

Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube.

Gjenoppdagingar i livet og i litteraturen

Presentert av Bergen internasjonale litteraturfestival (LitFestBergen)

Ein ekte bergensar, full av kjærleik og hat til byen sin, er forfattar Tomas Espedal, som har skrive inngåande om bergenslivet og -regnet. Forfattar Karl Ove Knausgård budde i Bergen i mange år, og vil lese frå sin nyaste roman, Morgenstjernen, der handlinga delvis er lagt til byen. På scena møter vi også samiske Kathrine Nedrejord og musikar Sara Marielle Gaup. Samane, urfolk i Noreg, blei tvinga til å tilpasse og tileigne seg norsk liv, språk, kultur og litteratur. Men ein ny generasjon samar er ikkje lengre skjemde av eller tause når det gjeld bakgrunnen sin.

Seinare i LLAW-sendinga møter vi òg Gunnhild Øyehaug som vil snakke om den siste novellesamlinga si Vonde blomar.

Programleiarar er TV- og radiojournalistane Siss Vik og Mona B. Riise, som òg vil slå av ein prat med festivalsjef Teresa Grøtan om Literature Live Around the World-programmet.

LOKAL VERT: Siss Vik, Mona B. Riise

 

 

Del Innhald