Skip to the content
}

Karl Ove Knausgård

Karl Ove Knausgård (f. 1968, Noreg) er forfattar og forleggar, busett i London.

Han gjekk på Skrivekunstakademiet i Bergen frå 1988 til 1989, og har studert litteraturvitskap og kunsthistorie ved Universitetet i Bergen.

For debutromanen Ute av verden (1998) mottok han Kritikerprisen som første debutant nokon sinne. Hans neste roman En tid for alt, blei nominert til Nordisk råds litteraturpris.

I 2009 kom den første romanen i det sjølvbiografiske verket Min kamp ut. Dei seks romanane som inngår i Min kamp er omsett til 35 språk og for verket har Knausgård hausta ei rekkje prestisjetunge prisar, blant anna Svenska Akademiens nordiske pris (2019), Die Welts litteraturpris (2015), og Wall Street Journal’s Innovator Award for Literature (2015). Hausten 2020 fekk han «Prix Médicis essai» for Min Kamp 6.

Han siste bok er Morgenstjernen (2020).

Del Innhald