Skip to the content
}

Karl Ove Knausgård

Sølve Sundsbø

Karl Ove Knausgård (f. 1968, Noreg) er forfattar og forleggar, busett i London.

Han gjekk på Skrivekunstakademiet frå 1988 til 1989 og har studert litteraturvitskap og kunsthistorie ved Universitetet i Bergen.

For debutromanen Ute av verden (1998) fekk han kritikarprisen som første debutant nokon gong. Den neste romanen hans, En tid for alt, blei nominert til Nordisk råds litteraturpris.

I 2009 kom den første romanen i det sjølvbiografiske verket Min kamp ut. Dei seks romanane som inngår i Min kamp, er omsette til 35 språk, og for dette verket har Knausgård hausta ei rekke prestisjetunge prisar, blant anna Svenska Akademiens nordiska pris (2019), Die Welts litteraturpris (2015) og Wall Street Journal’s Innovator Award for Literature (2015).

Den siste romanen hans er Nattskolen (2023), som er fjerde bind i det som blir kalla Morgenstjerne-serien.

Del Innhald