Skip to the content

Dato: 12.02.2021

Tid: 21.00 - 22.00

Stad: Youtube

Berkeley, USA

Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube.

Bøker, tidsskrift og piratbutikkar: Skriving og aktivisme i California

Presentert av Bay Area Book Festival (BABF)

Frå diktarane i Beat-generasjonen på 1950-talet til «Summer of Love», musikarar og Silicon Valley, er California og særleg San Francisco Bay Area kjend for modige og frisinna pionerar. Samtidslitteraturen er ikkje noko unnatak. Forfattarar frå California stod lenge på utsida av den etablerte kulturscenen på austkysten. No er dei avantgarden i amerikansk litteratur. Dei står for radikale estetiske endringar og er dei som definerer kven som får kalle seg forfattar og kva slags historier som skal få forteljast. Forfattar-ekteparet Dave Eggers og Vendela Vida er episenter for denne endringa. Deira eigne prislønna litterære arbeid spenner frå romanar til memoarlitteratur, barnebøker og manus, utgitt verda over. Dei har òg bygd opp eit pulserande litterært miljø som inkluderer ulike forlagsimprint (mellom anna McSweeney’s, basert i San Francisco, og menneskerettsserien Voices of Witness), fleire magasin og tidsskrift (som til dømes The Believer, som òg har gitt liv til ein eigen festival), og det framgangsrike skrivenettverket «826 National» (det største av sitt slag for ungdom/unge i USA) som «oppmodar til å utforske dei endelause moglegheitene i den krafta som finst i å skrive» – med kløkt og glede. Høyr den inspirerande historia deira og bli med å feire Vendelas siste utgiving We Run The Tides (med handling lagt til San Francisco) – og finn ut av kva ein piratbutikk har å gjere med det heile. I samtale med ven, kollega og medforfattar Daniel Gumbiner, og med introduksjon av Cherilyn Parsons, grunnleggar og festivalsjef i Bay Area Book Festival.

LOKAL VERT: Cherilyn Parsons

 

Del Innhald