
Dato: 12.02.2021
Tid: 14:00 - 15:00
Stad: Youtube
Kabul, Afghanistan
Du kan sjå Literature Live Around the World på YouTube.
Poesi frå Kabul
Presentert av PEN Afghanistan/Forfattaranes hus, Kabul
Direkte frå Forfattarens hus i Kabul: Møt diktarar, omsetjarar, visuelle kunstnarar og aktivistar som sett merke på tida og samfunnet dei lever i. Deltakarar Baktash Rawesh, Mujib Mehradad, Ramin Naqshbandi, Sajad Ahmad Shakeeb og Tamana Tawangar er alle knytte til PEN Afghanistan og Forfattaranes hus. PEN Afghanistan har gitt ut ei rekkje bøker på alle dei største afghanske språka og har gjennomført over 800 litteratur- og kulturarrangement. Desse arrangementa har i stor grad bana vegen for nye afghanske diktarar og forfattarar. Frå scenen i Bergen speler den kjende afghanske musikaren Hamid Shakizada, og får slik delta saman med kollegaene sine i Kabul.
LOKAL VERT: Nilufur Suhrabi