Skip to the content
}

Hamid Sakhizada

Hamid Sakhizada (f. 1989, Afghanistan) er musikar, songar og tidlegare musikklærar, busett i Harstad.

Han er klassisk utdanna, men har ei brennande interesse for instrumentet dambura og for afghansk tradisjonsmusikk. For å synleggjere musikken frå Hazara-provinsen har Sakhizada deltatt i Asia sitt svar på Melodi Grand Prix, og han blei nummer to i den afghanske versjonen av The Voice, Afghan Star. Før han kom til Noreg hadde han gitt ut tre album.

I Afghanistan starta Sakhizada musikkskule for å løfte fram folkemusikken frå Hazara-provinsen, men situasjonen blei uhaldbar då han stadig mottok trugslar og då to av elevane hans blei kidnappa og torturerte av Taliban. I 2015 måtte han og kona flykte frå heimlandet grunna den utrygge situasjonen, og dei busette seg i Harstad, der Sakhizada no er ein av to fribymusikarar.

Del Innhald