Skip to the content

Dato: 13.02.2021

Tid: 21.15 - 22.45

Stad: Auditoriet

Poetisk punk-galla (utsett til hausten)

Frå stygt og rasande, mollstemt og dystert, til høgstemt og lovprisande  – poesien rommar alle ytterpunkta i det menneskelege tilværet. Sju poetar og to musikarar møtest denne kvelden i ei lyrisk verd utanfor kartet. Kveldens topograf er omsettar og diktelskar Eira Søyseth

Vi har med oss diktdebutanten som fekk mest merksemd i året som gjekk, Karoline Brændjord med boka Jeg vil våkne til verden. Frå Sápmi kjem Tromsø-busette Mary Ailonieida Sombán Mary, aktuell med diktsamlinga Leve blant reptiler. Andre på scenen er Iranske Fatemeh Ekhtesari som bur på Lillehammer og som i 2020 kom ut diktsamlinga Vi overlever ikke, Pedro Carmona-Alvarez, chilensk bergenser, som gav ut Inventarium, og Henning Bergsvåg som kom med diktboka Dette er ikke et stille sted. Steinar Opstad og Øivind Hånes er med i eit prosjekt med poetar frå ei rekke land. Dei vil framføre omsette dikt av den fengsla kurdiske poeten Ilhan Çomak. Opstad vil òg lese frå eigen lyrikk. Musikarane Sara Marielle Gaup og Hamid Sakhizada vil gi sine lyriske bidrag i form av samisk joik og afghansk musikk.

 

Del Innhald