Skip to the content
}

Pedro Carmona-Alvarez

Eva Lene Gilje Østensen, Kolon

Pedro Carmona-Alvarez (f. 1972, Chile) er norsk forfattar og musikar, busett i Bergen.

Han debuterte med diktsamlinga Helter, og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar, romanar og essay. Carmona-Alvarez har vore redaktør for Cappelen Damms debutantantologi Signaler og for Verden finnes ikke på kartet, ein antologi med gjendiktingar av internasjonal samtidspoesi (saman med Gunnar Wærness).

Hausten 2020 ga han ut diktsamlinga Inventarium som har fått svært gode kritikkar.

Bøkene til Pedro Carmona-Alvarez er omsette til dansk, tysk og engelsk og har fått ei rekke prisar, seinast P2-lytternes romanpris 2012.

Del Innhald