
Dato: 13.02.2021
Tid: 20:00 - 20:45
Stad: Auditoriet
Pris: 40 (strøyming)
Den eldste unge guten i Bergen by (digitalt)
Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen har vi ikkje moglegheit til å ha publikum i Auditoriet. Dei som har kjøpt billettar vil få dei refundert. Strøymebillettar er tilgjengelege på ticketco.no (følg billettlenka).
Då Sondre Lerche platedebuterte som 18-åring i 2001, var han tydeleg inspirert av og ambassadør for eldre artistar. I 2020 gav han ut boka Alle sanger handler om deg der han entusiastisk deler innsikta si i eit breitt spekter av musikalske uttrykk, på tvers av generasjonane.
Samtalepartnar er Pedro Carmona-Alvarez, sjølv forfattar og musikar, og den som i si tid karakteriserte Sondre Lerche som den eldste unge guten i Bergen by.