Skip to the content
}

Lucie Campos

Lucie Campos (f. 1977, Irland) er sjef for Villa Gillet, eit hus for internasjonale forfattarar og scene for festivalane Assises Internationales du Roman og Mode d’Emploi. Campos er fødd i Dublin og voks opp i Paris. Som førelesar i litteraturvitskap har ho skrive om Sebald, Kerész, Coetzee, Beckett og Kafka og redigert fleire historiske- og skjønnlitterære antologiar frå det 20. århundre. Dei siste åtte åra har ho veksla mellom London og Paris der ho har jobba på prosjekt for institusjonar som Institut Français og Collège de France m.a. for å skape merksemd rundt omsett litteratur og få fleire omsette forfattarar til festivalar og skular. Lucie Campos var del av juryen til Man Booker International Prize i Storbritannia i 2020. 

Del Innhald