Dato: 06.02.2025
Tid: 18:00 - 18:45
Stad: Alver
Pris: 190/ 90 Student
Trendar og tendensar i europeisk samtidslitteratur
I Noreg les vi mest omsett litteratur frå engelskspråklege land. Men kva rører seg i samtidslitteraturen i land som Spania, Sverige og Frankrike? Kan vi snakke om tendensar eller trendar i fiksjonslitteraturen, og korleis skil litteraturen i ulike land og delar av verden seg frå kvarandre?
Festivalsjef ved Uppsala internationella litteraturfestival, Kholod Saghir, festivalsjef ved Hay Festival Segovia, María Sheila Cremaschi og direktør ved Villa Gillet i Lyon, Lucie Campos, møter litteraturprofessor Daniel Medin til samtale.
Samtalen er på engelsk.