Sanning i fengselet
Publiseringsdato:
10.01.2025
I år som tidlegare år, har LitFestBergen i samarbeid med Bergen fengsel og Bjørgvin fengsel to postar på programmet som no drøftar temaa sanning, lovbrot og rettsvern. Gjennom eit skrivekurs for dei innsette i Bergen fengsel, i regi av forfattar og bibliotekar ved fengselet, Eivind Riise Hauge, og i Bjørgvin fengsel i regi av forfattar Annette Mattsson, har dei innsette fått mogelegheita til å uttrykkje seg gjennom skrift. På programposten Sanninga frå innsida av murane, møter Riise Hauge nokre av kursdeltakarane til samtale om kva sanning tydar for dei og om skrivinga kan fungere som terapi.
På programposten Fengsla av litteraturen møtar Riise Hauge ein tidlegare innsett i Bergen fengsel til samtale om hans eiga roman Halvard Borges forbrytelser og karakteren Halvard «Rorgen» Borge. Kva perspektiv har ein tidlegare straffedømt på Rorgen og tematikken i Riise Hauges øvrige romanar? Og er karakteren Rorgen ein truverdig fengselsfugl?
Tidlegare denne veka møtte festivalsjef Teresa Grøtan fengselsdirektør i Bergen fengsel, Harald Åsaune, for ein samtale om samarbeidsprosjektet. Både skrivekursa og dei to programpostane som er eit resultat av kursa, er viktige arenaer for drøfting av temaet sanning og ytringsfridom. Det er sjeldan vi utanfor murane høyrer dei innsette i norske fengslar sine tankar om livet.
Nedanfor kan du lese nokre utdrag frå tekstar som dei innsette har skrive i løpet av skrivekursa ved Bergen fengsel og Bjørgvin fengsel.