Dato: 09.02.2023
Tid: 21.00 - 22.30
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 300/150 (student)
For å roe seg ned
Etter heftige litterære samtalar om raseri vil vi invitere til ein lyddusj av poesi og musikk.
I 2016 og 2017 gav poeten Kjartan Hatløy og musikar og komponist Arve Henriksen ut albuma Eg gjekk ned til denne fjorden og Noko driv på. Møtet mellom Hatløy sine naturnære dikt og Arve Henriksen sine vakre, omsluttande lydteppe viser både slektskapet mellom uttrykka og korleis dei kan utfylle kvarandre. Dette samarbeidet mellom poesi og musikk har berre vore framført ein gong tidlegare, i Hatløy si heimbygd Hyllestad i Ytre Sogn. Under LitFestBergen har dei med seg musikarane Thomas T. Dahl (gitar) og Terje Isungset (perkusjon).