Skip to the content
}

Kjartan Hatløy

Oddleiv Apneseth

Kjartan Hatløy (f. 1954, Noreg) er poet og busett i Hyllestad.

Hatløy er utdanna skipsrøyrleggar og jobba på Løland verft i mange år. I 1991 tok han mellomfag i filosofi ved Universitetet i Bergen.

Han debuterte med diktsamlinga Solreven i 1996. I 2022 kom Vere og døy – døy og vere, som er Hatløy si fjortande diktsamling. I tillegg har han gitt ut Dikt i samling, som kom i 2017.

I 2017 gav den tyske filmskaparen Frank Wierke ut dokumentarfilmen Der Sonnenfuchs (Solreven), som omhandlar diktaren Hatløy.

I 2021 fekk Hatløy Doublougprisen for forfattarskapet sitt.

Del Innhald