Skip to the content

Dato: 08.02.2023

Tid: 18.30 - 19.15

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Opning av LitFestBergen 2023 (utseld)

Velkommen til den offisielle opninga av Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur, den femte i rekka! Med festivaltemaet raseri set vi an tonen i Litteraturhuset i Bergen. 

Kunstnariske innslag ved poet Kjartan Hatløy og musikar Arve Henriksen, dubpoet Mutabaruka frå Jamaica, forfattar Gunnhild Øyehaug, som har skrive ei helsing til femåringen, og skodespelar Reny Marie Gaassand Folgerø, som framfører ein rasande monolog av festivalforfattar Monica Isakstuen. Tale ved kulturbyråd Eduardo Andersen og festivalsjef Teresa Grøtan. Konferansier er dagleg leiar Hjørdis Losnedahl.

Del Innhald