Skip to the content
}

Arve Henriksen

Arve Henriksen (f. 1968, Noreg) er ein norsk musikar og komponist.

Han gjekk på jazzlinja ved musikkonservatoriet i Trondheim frå 1987 til 1991 og har vore frilansmusikar sidan 1989.

Han har gitt ut elleve soloalbum sidan 2001 og spelt med ei rekke norske og utanlandske artistar innan jazz og eksperimentelle musikkformer.

I 2016 og 2017 gav han ut albuma «Eg gjekk ned til denne fjorden» og «Noko driv på» saman med poeten Kjartan Hatløy.

Henriksen har vore nominert til Spellemannprisen fleire gonger og har mellom anna fått Norsk jazzforum sin Buddypris i 2005 og Radka Toneffs minnepris i 2007.

Del Innhald