Skip to the content
}

Terje Isungset

Terje Isungset (f. 1964, Noreg) er trommeslagar, og perkusjonist og komponist.

Han har vore aktiv som musikar sidan tidleg på åttitalet og har jobba med musikkformer som jazz og folkemusikk, særleg i kombinasjon, og ofte i eit improvisert samtidsuttrykk. Isungset har gitt ut ti album, spelt på ei rekke andre og komponert mange tingingsverk.

Isungset er kjend for å nytte utradisjonelle materiale som instrument, til dømes trestokkar, stein og is. Prosjektet Ice Music har vore sentralt for Isungset sidan 1999.

Del Innhald