Programmet til LitFestBergen 2022 er lansert

Nokre høgdepunkt frå festivalen:
- Norske namn som Linn Ullmann, Vigdis Hjorth, Nina Lykke, Abid Raja og Jan Kjærstad.
- Jon Fosse har på oppdrag frå LitFestBergen skrive eit nytt høyrespel med urframføring under opninga 9. februar.
- Internasjonale gjestar frå til dømes Grønland, Palestina, Frankrike, Skottland, Canada, Irak, Kenya, Nederland og Mexico.
- Noregsmeisterskapen i slampoesi blir for første gong arrangert i Bergen. Slampoetar frå heile landet kjempar om å representere Noreg i Europameisterskapen.
- Og ikkje minst – Literature Live Around the World, der 12 festivalar frå alle kontinent deltar live og direkte i ei digital maratonsending, blir arrangert laurdag 5. februar Programleiarar Mona B. Riise og Britta B. frå Canada.
TEMA 2022: STØV
Den fjerde utgåva av Bergen internasjonale litteraturfestival løftar støv fram i lyset.
– Festivaltemaet «Støv» kan virke grått og ubehageleg, men det rommar også det vakre og melankolske, det politiske og farlege. Det er både konkret og abstrakt, poetisk og prosaisk og kan innehalde alt frå stjernestøv til ørkenstormar og døden. Støvet er overalt, seier festivalsjef Teresa Grøtan.
Slik smittevernreglane er no, sel vi 50 billettar til programpostane i Auditoriet, 55 til Olav H. Hauge, og 35 billettar til arrangementa i Alver.
INTERNASJONALT: FEMINISMEKRITIKK OG SLAVEHISTORIE
– Vi er svært klare for å ta imot internasjonalt besøk i Bergen igjen, og kryssar fingrane for at vi slepp fleire vanskar, seier Grøtan.
Pakistansk-amerikanske Rafia Zakaria (deltar digitalt) ristar i trongsynte vestlege feministar, som ho med boka Against White Feminism. vil vise har band til kolonialistiske og rasistiske strukturar.
Den amerikanske juristen og historikaren Rebecca Hall har grove fram den oversette historia om kvinner si sentrale rolle i å organisere slaveopprøra i USA.
Vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, Niviaq Korneliussen, deltek digitalt for å snakke om boka si Blomsterdalen.
Vanessa Springora vakte oppsikt i Frankrike med boka Samtykket og forholdet ho hadde som 13-åring til ein 49 år gammal forfattar.
BOWIE, MIKROMETEORITTAR OG DANS
I 2022 er det 50 år sidan David Bowie sitt legendariske Ziggy Stardust-album kom. På opningskvelden hentar den danske forfattaren og performance-kunstnaren Madame Nielsen fram jordiske og utanomjordiske karakterar og songar frå David Bowies katalog, frå «Starman» til «Blackstar». På opningsdagen møter vi også den tidlegare redaktøren av GQ, Dylan Jones, som har skrive bøker om både Ziggy Stardust og David Bowie.
Nesten sjølvskriven på ein festival med støv som tema er Jon Larsen, den fenomenale gitaristen, som samla stjernestøv, mikrometeorittar, på norske hustak og blei ein internasjonal vitskapsmann heilt utanom det vanlege.
Festivalen byr òg på eit nytt sjangaroverskridande verk, der nyskriven poesi, nykoreografert dans og scenografi møtest i framsyninga «Støv», tilrettelagt for syns- og hørselshemma.
Andre tema er klimakrisa, aldring, ørken, bistand, Bibelen, gløymde forfattarar og språkrikdom.
Festivalen har også i år barneprogram i samarbeid med Bergen Offentlige Bibliotek, LitFest MINI, og eige program for ungdomsskular og vidaregåande skular, LitFest UNG.
Sjå heile programmet og alle forfattarar her