Skip to the content

Dato: 09.02.2022

Tid: 19.45 - 20.30

Stad: Auditoriet

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Då Ziggy spelte gitar

6. juli 1972 opptredde David Bowie i BBC-programmet Top of the Pops. For første gong fekk den britiske nasjonen sjå Ziggy Stardust. Songen han spelte, var «Starman», og etter dei fire minutta var musikkhistoria og det kollektive medvitet endra, ikkje minst for ein generasjon av nye artistar.

Dylan Jones har skrive om dette augeblikket og om Ziggy Stardust, og han kan også seie noko om kven David Bowie var, etter å ha intervjua 180 vener, partnarar og andre viktige menneske i Bowie sitt liv i boka David Bowie: A Life.

Dylan Jones var redaktør for magasinet GQ frå 1995 til 2021. Han har tidlegare jobba for i-D, Arena, The Face, The Observer og The Sunday Times. Han har skrive fleire bøker om musikk, mellom anna bestseljaren Jim Morrison: Dark Star.

Dylan Jones blir intervjua av Audun Vinger, musikkjournalist i Dagens Næringsliv, og samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald